Kor stor sjanse er det for at Donald Trump vinn valet?

Dei neste månadene gjeld det å halde tunga rett i munnen.

VINNAR? Kven som kjem til å vinne valet er gjenstand for intens spekulasjon
VINNAR? Kven som kjem til å vinne valet er gjenstand for intens spekulasjon
Publisert Sist oppdatert

Dei som såg på NRK-programmet Urix denne veka, fekk med seg eit intervju med den amerikanske professoren Allan Lichtman. Han har opparbeidd seg eit rykte som en solid spåmann av utfall i presidentval. Vi kan nok diskutere om det er heilt fortent, han spådde trass alt siger til Al Gore i år 2000 (og forsvarte feilen med at Gore fekk fleire røyster enn George W. Bush), men han fekk altså i beste sendetid på statskanalen på onsdag presentere sine 13 «nøklar» til valsiger. Nøklane handlar om tema som økonomien, om ein av kandidatane er sitjande president, om ein av kandidatane er eit politisk stjerneskot eller om landet har vore gjennom store militære suksessar eller nederlag i nær fortid.

Ifølge Lichtman sitt system, er det nær heilt sikkert at Kamala Harris dreg sigeren i land i november. Men kan det eigentleg stemme?

Det høyrer med til historia at Lichtman var ein av dei krassaste motstandarane av at Joe Biden skulle trekke sitt kandidatur i sommar, fordi Biden etter Lichtman sitt nøkkel-system låg an til valsiger. Om Biden trakk seg, argumenterte Lichtman, ville partiet gje opp «sittande president»-nøkkelen, og det ville vere kritisk. Ingen som har sett meningsmålingane frå vekene før Biden trekte seg kan vere i tvil om at Lichtman med ein slik spådom ville gått på eit hardt nederlag.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS