Kontroversielt om spesialkjøtt

Når blir det moralsk rett å ete menneske?

KVA ER EIT MENNESKE: Ei ny bok om kannibalisme får kulturredaktør Lars Petter Sveen til å tenke på kva som er skilnaden mellom menneske og dyr. For Hannibal Lecter (spelt av Anthony Hopkins) i klassikaren The Silence of the Lambs, er skilnaden liten.
Publisert Sist oppdatert

Det er ei gruppe menneske som ikkje har nokon særleg sjanse for å bli rehabilitert i offentlegheita: kannibalane.

Problemet er todelt: For det første vil ein kannibal spise deg opp. Og for det andre, og dette er temmeleg sjølvsagt, så vil kannibalen også ta livet av deg før han eller ho begynner å tilberede deg.

Likevel har ulike kulturar over heile verda hatt innslag av menneskeetarar, eller antropofager, som dei også blir kalla. Og ei ny bok viser kor skremmande nær kannibalismen er oss.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS