Knapt Kongresstap og to tunge år for Biden

Republikanarane tek over fleirtalet i Representanthuset. Det er dårlig nytt for president Joe Biden, men det kunne også gått langt verre.

ØKONOMI: Biden må slite med det same som regjeringsleiarar verda over: Ein «straff» frå veljarane for å stå ansvarleg for ein økonomisk situasjon han berre i liten grad rår over.
Publisert Sist oppdatert

Det gjekk om lag som forventa i mellomvalet. Det republikanske partiet overtek fleirtalet i Representanthuset, om enn med knapp margin. Sjølv om det i skrivande stund er uklart korleis resultatet blir i Senatet, er ein ting sikkert: Det vart nettopp svært mykje vanskelegare å vere Joe Biden.

Tilbake til normalen

Sigeren var ikkje berre forventa ut frå målingane, men også frå fleire tiår med erfaring: I mellomval vil partiet til den sitjande presidenten tape terreng i Kongressen. Mellomvala er slik sett eit barometer på populariteten til presidenten og hans parti.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS