Kamp mot dårleg oppmøte

Der to eller tre er samla, er eg midt imellom dei, sa Jesus. Men det var aldri meint som argument for å ikkje møte opp.

Kristendommen si stilling i Noreg står og fell med oss alle, skriv Johannes Morken. Gudsteneste i Leinstrand kyrkje.
Publisert Sist oppdatert

Veksten i deltaking på julegudstenestene i fleire domkyrkjer er gledeleg.

Kanskje var det, som Kristin Gunleiksrud Raaum kommenterte, uroa i verda som fekk fleire til å søkja dei største bykyrkjene i 2023 enn i 2022. Måtte veksten visa seg landet over.

Men faktum er at vi over tid hatt ein nedgang i oppslutnad også om julegudstenester. For å ta den levande kyrkjelyden min rett utanfor Oslo: Det var godt oppmøte på dei tre gudstenestene julekvelden. Men det var romsleg bak i stolradene. 20 år tilbake var det derimot stappfullt – på den mellomste gudstenesta stod folk langs veggane. Andre vart bedne om å koma tilbake til den neste gudstenesta. Dersom nokon valde å stå i år, var det på grunn av ryggen.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP