Kamalas kveld
I den grad demokratane var nervøse for korleis kandidaten deira skulle klare seg i debatt mot Donald Trump, må dei ha pusta letta ut onsdag morgon.
DEBATT: Det var få svar på konkrete spørsmål, men eit godt høve til å teikne opp kontrast mellom dei to kandidatane.
Alex Brandon
Det starta litt bratt for visepresidenten i Philadelphia: Kamala Harris gjekk inn for eit handtrykk, medan Donald Trump stilte seg ved podiet. Ho måtte heilt bort til han for å introdusere seg. Det var nok meint som eit forsøk på eit tidleg uttrykk for styrke frå den tidlegare presidenten, men det endte som ein maktdemonstrasjon frå Harris. Ho tok scena frå start, og ho slapp den ikkje.
Harris var på hogget frå starten av, og leverte gode svar på spørsmål om økonomien og om situasjonen på grensa mot Mexico. Dette er tema der Donald Trump har gode kort, og burde vere fullt i stand til å stille Kamala Harris til veggs. Det høvet lét han gå frå seg, gong etter gong.
Kamalas kveld