I teorien kan Erna Solberg bli statsminister igjen i morgon
Høgres maktgrep ved å varsle full tillit til Erna Solberg fram mot neste stortingsval er ein risikabel strategi – både for partiet og tilliten til norske politikarar.
KRINGVERN: Høgres kringvern rundt partileiaren sin manglar sidestykke i norsk politikk, skriv kommentator Emil André Erstad.
Beathe Oma Dahle
Mange pressefolk hadde møtt opp for å høyre Erna Solbergs tale til sentralstyret med påfølgande pressekonferanse måndag morgon. Fleire hadde fått hint om at Solberg ville sei viktige ting. Etter avsløringane om ektemannens aksjekjøp, har Solberg i intervju etter intervju halde fast på at ho ikkje tar viktige avgjerder medan det stormar. Det har vore eit av hennar viktigaste talepunkt.
At saka hennar framleis er til behandling i Stortingets kontrollkomité kan framleis gje stormfulle kast. Derfor var det ein del som heva på augebryna då Solberg på måndagens pressertreff kunngjorde at ho hadde bestemt seg for å halde fram som Høgre-leiar og statsministerkandidat for stortingsvalet i 2025. Bodskapen var retta mot kontrollkomiteen på Stortinget, norsk politikk og alle oss andre: I Høgre er det Høgre som bestemmer.
Solberg skreiv eit vis sin eigen konklusjon på førehand for kontrollkomiteen.