Her er det som ligg bak den konservative suksessen i skulevalet
Resultata i skulevalet vitnar om at det har skjedd ein stille og konservativ revolusjon blant norske ungdommar. Dersom trendane frå skulevalet også slår til på valkvelden mandag, kan Sylvi Listhaug takke ungdomspartileiaren sin.
Knarvik vidaregåande skule, 13 dagar før valet: Kobbelet av ungdomspolitikarar barka saman i dagens andre politiske debatt, framfor eit publikum beståande av nye elevar. Debatten kunne til tider minne meir om eit slags innøvd politisk teater enn ein reell og dynamisk debatt. Store ord, fiffige retoriske poeng og kunstig overdrivne ansiktsuttrykk kjempa om plassen. Tidvis og litt tilfeldig kom det applaus og latter frå salen.
Likevel – for oss som tidlegare har vore skuledebattantar for dei politiske ungdomspartia – var det umogleg å ikkje legge merke til at det må ha skjedd ei stor forandring på få år. Debatten var for det første meir sivilisert og ordna, der ordstyrarane frå elevrådet vart respektert på ein annan måte enn tidlegare. I tillegg var det eit parti som plutseleg hadde fått ein annan posisjon enn tidlegare: FpU. Der ungdomspartiet tidlegare var kjend som det mest rappkjefta, litt lettvinte alternativet ytst til høgre i panelet, kom det no stort sett saklege replikkar og innlegg.
Fpu-suksessen kom ikkje tilfeldig