Han som blei kalla «den idioten»

Alexei Navalny visste at han ville bli sett på som sprø då han gjekk til Bergpreika for å henta kraft.

l
FANT MOT: «I Bergpreika fann Navalny mot til ikkje å bli knekt av Putins skremsel og terroriserande veker i isolat og fornedring», skriv Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

Vi kunne trudd at då Alexei Navalnys tragiske død i ein fangeleir i Sibir vart teken med i NRKs Nytt på nytt 23. februar, ville ramsalt satire bli retta mot Vladimir Putin. Putin slapp trass alt unna med ei lita og bortgøymd setning i Nytt på nytt veka før, etter at han, diktator og drapsmann, hadde fått opptre som komisk, men livsfarleg historieforfalskar. Meir enn den eine setninga blei det då ikkje plass til mellom gjengangar-vitsar om Sindre Finnes, Trond Giske og Joe Biden.

Men, nei, den skarpe NRK-satiren ramma ikkje Putin denne gongen heller. Satiren ramma derimot den døde i Gulags helvete. Iselin Kolpus omtalte den døde som «den idioten Navalny som dro rett inn i gapet. Det er det mest omstendelige selvmord jeg har hørt om i hele mitt liv».

Vulgært

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS