Gje meg ein hyggelegare Sophie Elise-debatt
Tonen i debatten om Sophie Elise er unaudsynleg nedsettande og uverdig. Dessutan har ho nokre gode poeng.
ROLLEMODELL: Viss me legg meir vekt på at den enkelte er ansvarleg for sitt eige liv og lærer kvarandre opp i toleranse, openheit, nysgjerrigheit og kritisk sans, trur eg me vil få eit rikare samfunn.
Terje Pedersen / NTB
Etter at Sophie Elise la ut eit bilde på Instagram-profilen sin som kan tolkast til å ha ein rusforherlegande bodskap, spratt det norske folketrollet ut av øskja. 2000 personar klaga til Kringkastingsrådet. Dei vil ikkje at NRK skal gje denne femme fatal-aktige kvinna meir merksemd, og skulle helst sett at podkasten hennar, Sophie og Fetisha, vart nedlagt. Adresseavisen hang seg på og skreiv på leiarplass: «Den frekke storesøstra er en NRK-skandale».
«Intetsigende pengemaskin»
Artisten og sjukepleiaren Marthe Valle debatterte i Dagsnytt 18 basert på Facebook-innlegget sitt kor ho skreiv følgjande om Sophie Elise: «Hun er en enormt problematisk stemme å gi mer plass i offentligheten i all den tid hun fronter en helt syk narsissistisk kultur som aldri kommer i mål med dyrking av individet, kirurgisk modifisering av kropp, det materielle, rusen og fuck verden-holdningen»