Galskap som våpen
USA: Dei neste fire åra må vi klare å skilje løgn frå sanning og bøllete klovnerier frå reelle trugsmål.
Nyheitsredaktør skriv om Donald Trump.
NTB
Optimistane kan kalle det ein dystopisk berg-og-dal-bane. Først akselerasjonen som skaper både frykt og spenning. Så den ville ferda over skjenene der det tidvis kjennest som at vogna hoppar av og ramler titals meter ned med døden som utfall. Då hjelper det heller ikkje å halde seg fast, eller å spenne setebeltene.
Omtrent slik kjennest det å følgje USAs president Donald J. Trump på pressekonferansar og på hans eige sosiale medium, Truth Social.
Canada skal bli USAs 51. stat. Grønland må bli ein del av USA. Guvernøren i California, demokraten Gavin Newsom, har skulda for dei katastrofale skogbrannane. USA skal «ta over» Panamakanalen.
Bestill abonnement her
KJØP