Frelsaren Trump
Trump si innsetjingstale var ikkje noko stort politisk frieri til dei kristne veljarane, men den var klassisk Trump.
EID UTAN BIBEL: Fru Melania haldt opp dei utvalde biblane, men Donald Trump avla eiden utan å leggje handa på dei.
NTB
– Det må ha vore stunder dei siste fire åra der du har kjent at det var ganske mørkt. Men sjå kva Gud har gjort, sa Franklin Graham, vendt mot Donald Trump.
Graham hadde, saman med den katolske kardinalen Timothy Dalton, oppgåva å be den såkalla invokasjonen, eit fast ledd i innsetjingsseremonien med bøn for det som skal skje.
Dei to delte i nokre minutt scena i rotunden i kongressbygningen med eit femtitals utvalde. På seteradane rundt talarstolen der Graham takka Gud for Donald Trump, sat etter vanleg kutyme næraste familie, tidlegare presidentar, Høgsterett, påtroppande regjeringsmedlemmer og viktige støttespelarar for den nyvalde presidenten. Påfallande nok var forsamlinga denne gong supplert med eit knippe svært velståande og prominente tech-milliardærar: Amazon-gründer Jeff Bezos, Facebook-sjef Mark Zuckerberg, Google-sjef Sundar Pichai og Apple-direktør Tim Cook hadde alle fått heidersplassar under innsetjingsseremonien. Eit signal på at store deler av amerikansk forretningsliv har forstått at Trump er ein mann ein må leve med, trass eventuell motvilje.