Frelsaren i ørkenen
FILM: Hovudpersonen Paul Atreides i «Dune» blir sett på som ein Messias. Parallellane til Moses og Jesus er mange i det svært religiøse og synkretistiske universet vi kan oppleve på kino i påska.
MESSIAS: Paul Atreides (Timothée Chalamet) i «Dune. Part two». Paul blir i det kjente sci-fi-universet framstilt som ein messiasskapnad.
© 2024 Warner Bros. Entertainment Inc.
Religionen spelar ei stor rolle i Frank Herberts sci-fi-klassikar Dune. Herbert lét seg inspirere av ei rekke ulike religionar, både kristendom, jødedom og buddhisme, i forminga av Dunes mangefasetterte religiøsitet. Meir enn noko anna kan vi kalle romanuniverset for eit synkretistisk paradis – ei religionsblanding utan like. Men det er eit spennande paradis.
For tida går Dune. Part two på kinoar over heile landet, eit spektakulært sci-fi-eventyr med storslåtte ørkenscener, kjærleik, offer og maktkamp på livet laus. Bak den actionfylte fasaden ligg dei religiøse trådane tydeleg opp i dagen. Først og fremst er det interessant å sjå korleis hovudpersonen Paul Atreides (Timothée Chalamet) blir skildra som ein religiøs frelsarfigur, ein messias.
«Ein son er oss gjeven»