Fem tips til ei betre preike
Det svake punktet i gudstenesta, er preika. Slik treng det ikkje vere.
PREIKETIPS: Når presten preikar, flatar spenningskurven ut. Her er fem tips frå kulturredaktør Lars Petter Sveen til korleis preika kan bli betre.
Vårt Land
Eg veit dette er litt trist for mange prestar, men i dramaturgien til gudstenesta er preika der spenningskurven flatar ut. Om gudstenesta var ein tv-episode, er det under preika du reiser deg og fyller på chipsbollen og sjekker telefonen.
Men slik treng det jo ikkje vere. Gjennom historia til den lutherske kyrkja har det vore annleis: Preika har tvert imot vore det dramatiske høgdepunktet. No er ho ofte det mest keisamme i heile gudstenesta.
Truleg har det ikkje så mykje med kompetansen til prestane våre, for dei er jo utdanna til dette og får etter kvart temmeleg god mengdetrening. Kan det heller ha å gjere med at dei tenkjer for lite litterært om preika?