Feilslått satsing for sjuke born

Det er ikkje tvil om at det låg god vilje bak tildelinga av midler til «Andreas Hus» i 2020. Det kjennes unekteleg som eit godt og rørande prosjekt, men kjensler er ikkje det beste barometeret for om eit prosjekt er godt eller ikkje.

«Ifølge FFB er det til ei kvar tid om lag 6000 familiar med alvorleg sjuke og døyande born i Noreg. Fleire av desse har dårlege erfaringar med det offentlege tilbodet, og opplever det som lite fleksibelt», skriv Sigrid Rege Gårdsvoll.
Publisert Sist oppdatert

I helga, etter saker hjå både Fædrelandsvennen og NRK om pengebruken i Foreningen for barnepalliasjon (FFB), kom det også fram at Helsedirektoratet har varsla at dei vil granska pengebruken i foreninga. Det er bra. Sjølv om foreninga og leiar Natasha Pedersen bedyrer at alt er i skjønnaste orden og at tilskota til foreininga er brukt på beste måte, har mediemerksemda i endå større grad gjort det naudsynt for direktoratet å gå inn i saka.

Bornepalliasjon er den oppfølginga som blir gjeve til born og ungdom som lev med alvorlege diagnoser og sjukdom som gjev forventa forkorta levetid. Foreninga for barnepalliasjon og bornehospice-prosjektet «Andreas Hus» kom inn på statsbudsjettet i 2020, i budsjettforlik mellom Solberg-regjeringa og Frp. I budsjettavtalen vart det slege fast at prosjektet skulle få 30 millionar kroner i tilskot årleg i fem år. NRK skriv i si sak at dei har jobba med å undersøke pengebruken til FFB i fleire månader, men saka er spesielt aktuell inn i det politiske ordskiftet etter at FFB vart kutta i Støre-regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Dyre designmøbler

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP