Erdogans skumle plan

Terroren i Istanbul ramma brutalt tre uskuldige familiar, men det er òg grunn til å frykte for at Sveriges Nato-søknad vart råka.

kk
LUMSK: Sjølv om president Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia uttrykte avsky for angriparane etter søndagens terror i Istanbul, passa terroraksjonen som hand i hanske for hans politiske strategi, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Den pulserande Istiklal-gata, midt i hjartet av Istanbul, var som vanleg full av folk søndag ettermiddag. Akkurat der, midt blant heilt vanlege og uskuldige menneske, hadde nokon plassert ei bombe som hadde sprengkraft nok til å drepe seks av dei klokka 16.20. Nærare hundre vart såra.

Det store spørsmålet som vert diskutert i Tyrkia no, er kven som stod bak. At det var terror, er heva over all tvil. Likevel tok det under 24 timar for den tyrkiske regjeringa å finne ein syndebukk: Den kurdiske terrororganisasjonen PKK.

Sjølv om president Recep Tayyip Erdogan uttrykte avsky for angriparane, passa terroraksjonen som hand i hanske for hans politiske strategi.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS