Er det for mykje politikk der ute?
Medan nordmenn er opptekne av lommeboka si, er regjeringa oppteken av dei store, kollektive, uferdige gjeremåla.
POLITIKK: Støre slit i motbakke. Klarer Arbeidepartiet å lage politikk som får betydning for folks lommebøker? Det er Lars Inge Staveland, nyheitsredaktøren sjølv, som spør.
Vi må få ned sjukefråveret. Vi må byggje opp Forsvaret. Vi må fjerne fylkeskommunen. Vi må kutte klimautslepp for å redde verda frå katastrofe. Vi må innføre ei aldersgrense på sosiale medium.
Storsamfunnet er i ulage og store politiske grep må takast for å få det i lage igjen. Det er omkvedet frå Arbeidarpartiet, og tidvis Høgre.
Men er det eigentleg ein hunger etter store politiske vyar der ute? Er det nå politikarane kan forvente at folk samler seg om store politiske reformer? Mykje tyder på at svaret er nei. Og det er det enkelte parti som forstår betre enn andre.