Ei skamlaus tid

Når Donald Trump i neste veke på nytt blir USAs president, er det ikkje trass i skamløysa hans. Det er på grunn av den.

sdf
TILTRER SNART: – Det er ikkje til å komme unna at Donald Trump si smittande skamløyse kan forklare mykje av den nesten skadefro gleda mange Trump-tilhengjarar har vist fram den siste tida, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll.
Publisert Sist oppdatert

Det ordet som best skildrar tidlegare, og påtroppande, president Donald Trump, er «skamlaus». Det skriv Anna Libak i danske Weekendavisen.

Libak si tese er at 2024 vart året der Vesten valde å slutte å skamme seg overalt mogleg, og at Trump sin siger i presidentvalet er ein naturleg konsekvens av det. Det gjev ubehageleg mykje meining.

«Det kan vere tidspunkt i historia til eit land og ein sivilisasjon der skamløyse kan vise seg som ein kvalifikasjon», skriv Libak. Det tidspunktet er når skam er blitt ein ideologi, slik ho meiner det har blitt i USA og store deler av Europa dei siste åra.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS