Ei lesekrise har ramma landet vårt
Vi bruker mindre tid på å lese i bøker. Kva gjer det med oss?
«Om du, som meg, slit med å få barna til å legge frå seg telefonen, er du truleg ikkje aleine», skriver kulturredaktør Lars Petter Sveen.
Thomas Brun / NTB
Dei nye lesemåtane skakar sivilisasjonen i grunnvollane, seier den svenske forfattaren Joel Halldorf i eit intervju du kan lese om på kultur i Vårt Land. I boka Bokens folk. En sivilisasjonshistorie fra papyrus til piksler, skriv han om korleis boklesinga opp gjennom historia alltid har blitt meir og meir utbreidd. Først no har vi begynt å lese mindre. Kva gjer det med oss?
Svaret på det har vi ikkje enno.
Men vi har begynt å sjå noko som bekymrar oss: Barn og unge bruker meir og meir tid framfor skjermen.