Ei framtid som kanskje ikkje lenger finst

Jonas Gahr Støre risikerer å undervurdere Ukrainas forsvarskapasitet og overvurdere verdifellesskapet med Trumps Amerika. Han kan bli tvungen til å endre analyse i løpet av kort tid.

kk
KRIG: Det er nok meir realistisk å tenke Volodymyr Zelenskyj som ein de facto leiar av den frie verda, enn å stole på at Trump eller J.D. Vance innehar den rolla, skriv kommentator Emil André Erstad om Støres utanrikspolitiske vegval.
Publisert Sist oppdatert

Den norske statsministeren skal ha honnør for sjølvkontroll og strategisk mot då han i Politisk kvarter måndag morgon hardnakka hevda at Norge framleis har eit sterkt verdifellesskap med Trumps Amerika. Han visste nok at det ikkje var den mest populære tingen å seie, men han meinte det var den kloke linja å velje.

Støres poeng var at norske og europeiske politikarar ikkje må la seg distrahere av Trumps utspelsmaskineri. Det er viktig å halde fast i forsøket på å overtyde Trump om å velje ein annan veg enn den han er på. Verdifellesskapet med amerikanarane stikk dessutan djupt. Framleis er det tunge aktørar i det republikanske partiet, spesielt i Kongressen, som står støtt på Nato-foten. Norsk tryggleikspolitikk må derfor ha blikket trygt festa på ei framtid i Amerika utan Trump.

Dei høge herrar i norsk utanrikspolitikk

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS