Ei dommarkone til besvær
Berre éin høgsterettsdommar i amerikansk historie har blitt stilt for riksrett. Opptøyene 6. januar har sett Clarence Thomas i fare for å bli den andre.
RIKSRETT: Høsterettdommar Clarence Thomas står i fare for ein riksrettprosess, skriv gjestekommentator Sigrid Rege Gårdsvoll.
Erin Schaff
I 1805 vart dommaren Samuel Chase stilt for riksrett, klaga for å ha late sine partipolitiske interesser påverke domsseiingane sine. Eit fleirtal i Senatet røysta for å dømme han, men ikkje dei naudsynte to tredelane, og Chase vart sitjande. To hundre år seinare er det ikkje den aktuelle dommaren sine partipolitiske interesser som er i søkelyset, men ektefellen sin.
Konservativ dommar
Clarence Thomas er med god margin den mest konservative sitjande dommaren i Høgsterett. Då han vart nominert til setet av president George H.W. Bush i 1991, var særleg synet hans på abortrettar og kvotering i utdanning og arbeidsliv omstridde tema.