Eg, Grinchen

Det er plass til tvilaren i påske og pinse. Det er mindre plass for den som helst ikkje vil la seg røre ved i jula.

sdfs
FILMFIGUR: Grinchen, den mannevonde tittelfiguren som stel jula i den klassiske juleforteljinga skriven av Dr. Seuss, er blitt ein populærkulturell merkestein og eit omgrep: Ein grinch er ein sur og gretten person som stel andre si glede, gjerne med eit innslag av skadefryd.
Publisert Sist oppdatert

Det går mot slutten av konserten. Solisten – ein råsterk tenor, sjølvsagt – slenger tungt med patos i ryggsekken på den unødig omstendelege vegen opp mot den høgste tona i «O helga natt». Det er mektig og vakkert.

Publikum rundt meg i kyrkjerommet er bergtekne. Eg lirkar sakte fram mobilen i fanget og opnar appen til eit sosialt medium.

«Han har ikkje gløymt att vibratoen heime, då. Det var jo bra». Kameraten min fire rader bak svarar straks: «Lat det vere over. Lat det vere over». Vi tekstar att og fram, slik vi har gjort gjennom heile kvelden, om salmar vi ønsker ved båra og kva snittar vi vil ha servert i minnestunda, om vi ikkje skulle overleve påkjenninga. Ikkje ein sur tone eller eit aparte songval frå artistane på scena har gått forbi i det stille.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP