Eg fann nåde på VG-Lista Topp 40
Det er litt rart å stå der på VG-Lista Topp 40 saman med dattera mi og tenke på Rudi Myntevik og lovsong.
VG-LISTA: Kanskje er det litt rart å stå der på VG-Lista Topp 40 og tenke på Rudi Myntevik og hans tankar om lovsong. Men som ein sliten pappa, var det ei nåde for meg å få stå der med dottera mi og tenke at dette var nok, skriv kulturredaktør Lars Petter Sveen.
Geir Olsen/NTB
«Mitt hjarte er roleg, Gud, eg vil syngja og spele av heile mi sjel.»
Slik lyd David i Salmane 108,2, og sist fredag var det slik fleire tusen lydde på VG-Lista Topp 40 framfor rådhuset i Oslo. Heile det store området ved Aker Brygge var stappa fullt av ungdom, unge vaksne, og barn. Eg var ein av dei mange foreldra som også stod der, trøytt, sliten og litt ubudd på det massive trykket frå over 40.000 som hylte, jubla og song i pur glede.
Hos meg var det lite glede å spore, eg var ferdig med arbeidsveka og hadde mest lyst til å legge med ned og slappe av med ein fotballkamp på tv. Men dottera mi hadde snakka om VG-Lista i fleire veker, det var ingen veg utanom, og vi hoppa på trikken ned til sentrum av Oslo. Da vi endeleg stod der og folk trykte seg på rundt oss, kasta eg eit blikk på dottera mi, lurte på om ho vart stressa av alle menneska og all denne trengselen.