Divaen i Det kvite huset
Kor mykje kan du få gjort i politikken dersom du ikkje driv med politikk, men med teater? Det er vi i ferd med å finne ut.
TEATER: Vi er alle både publikum til og ufrivillige statistar i det store teaterstykket til Donald Trump, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll
Jeenah Moon/NTB
«Only I can fix it», sa presidentkandidat Donald Trump i 2016. Han hadde brukt nesten ein time av talen på Det republikanske partiet sitt landsmøte til å liste opp og utbrodere alt som han meinte var gale med landet han ønska å få tillit til å leie. «Det er berre eg som kan reparere det», slo han så fast.
Denne talen var absolutt ikkje det første hintet vi fekk om Donald Trump sitt sjølvbilete, men det var nyttig som illustrasjon: Han var den einsame helten i strid med dei mørke kreftene som ville øydeleggje landet, med eit oppdrag gjeve han på vegner av dei undertrykte og stemmelause.
Høyres setninga over ut som kortversjonen av eit manus? Det er ikkje tilfeldig. Vi er nemleg alle både publikum til og ufrivillige statistar i det store teaterstykket til Donald Trump.
Bestill abonnement her
KJØP