Det nye året og dei store måla
Det er litt for lett å gjere ambisjonen til gjennomføringa sin fiende når dei fagre nyttårsforsetta våre treff livet.
FORSETT: Det er ikkje reint få som på nyttårsaftan gjer Jakob Sande sine ord til sine og lovar at «i morgon vil eg byrje på eit nytt og betre liv, – trur eg», skriv Sigrid Rege Gårdsvoll
Eg er glad i fine skrivebøker. I ei bokhylle heime står dei på rekke og rad. Dei er alle innkjøpt med andakt, og dei første par sidene i kvar bok ber preg av det. Så kjem vi til sidene eg har forsøkt å rive ut så sporlaust som mogleg, antageleg fordi eg har skrive noko feil eller klussa det til. Lenger utover i boka er det stadig meir spreidde notater, krusedullar nedteikna under keisamme møte, og, heilt bakerst: Ein seksjon med tomme sider, minst ei heil notatbok til saman, urørte fordi eg fekk ei ny notatbok med blanke ark.
Eg får det liksom ikkje heilt til med notatbøkene, og di meir eg tenkjer på det, di meir lurer eg på om problemet er fallhøgda boka representerer. Hundre fint innbundne sider, som alle bør fyllast med noko vakkert eller nyttig, eller helst båe.
Det nye året er blitt ei dryg veke gammalt. Sjølv om det er tidleg, er det alt ein del av oss som har fortrengt at vi, då sist sundag vart til mandag, offisielt gjekk inn i høgsesongen for viljestyrke og sjølvnekting.