Det amerikanske bokbålet
Trass anklagar om kansellering av konservative kristne standpunkt, er det nettopp desse kreftene som i USA står i spissen for å plukke bøker dei ikkje liker ut av biblioteket. Dei gjer ikkje borna sine noka teneste.
KANSELLERING: Det er dei anti-woke som driv med den mest handgripelege forma for kansellering: Fysiske tiltak for å verne born frå å høyre meiningar ein ikkje sjølv kan stille seg bak, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll. På biletet: Eit utval av bøkene som er forbodne på flest skulebibliotek i USA.
Erlend Berge
John Green er fortvila. Den kristne forfattaren av ei rekke kjende ungdomsbøker har gjennom fleire år opplevd at bøkene hans blir fjerna frå bibliotek over heile USA, fordi dei skildrar alkohol- eller narkotikabruk, ungdommar som er seksuelt aktive eller LHBT-personar. Dei siste åra har denne tendensen blitt sterkare. Green bruker sterke ord om det han ser på som sensur og overformynderi. «Latterleg» og «pinleg», skreiv han på X, tidlegare Twitter, då boka hans Faen ta skjebnen vart flytta ut av ungdomsseksjonen på eit offentleg bibliotek i ein by i heimstaten hans Indiana.
Han er ikkje åleine.
Forfattar- og ytringsfridomsorganisasjonen PEN America registrerte fleire forbod mot enkeltbøker på skulebibliotek gjennom haustsemesteret i 2022 enn på fleire år. Delstatane med flest forbod, alle sørstatar, har til felles at det finst store konservative foreldrenettverk der som jobbar målretta med å påverke skulekvardagen.
Bestill abonnement her
KJØP