Den skjerpande individualismen

Kyrkjer og fotballag får sjansen til å revurdere og utvikle seg sjølv når frivillige eldsjeler mistar gnisten og går.

h
På sikt trur eg at vi tener på at folk kjem seg ut av seglbåten dei mistrivst i. Kyrkja blir tvinga til å revurdere og utvikle seg sjølv når eldsjeler mistar gnisten og går, skriv gjestekommentator David Sviland.
Publisert Sist oppdatert

«Jeg liker egentlig ikke å seile» sa Kong Harald i eit intervju med SEILmagasinet i høve at han som 86-åring la opp som konkurranseseglar i fjor. Det er synd å tenke på at det tok så mange år for han å kome fram til den erkjenninga. Eg har òg rota meg inn i seglbåtar og blitt verande i mange år, sjølv om eg eigentleg vil av. Ein av desse er fotball.

Fotball er keisamt

Fotball er i utgangspunktet ein fin idrett som kan lære deg masse om deg sjølv og andre. Disiplin, å vere ein lagspelar, stole på sine eigne evner når det gjeld, takle eit 18-0-tap, eller vinne utan å bli alt for høg på seg sjølv. Alt dette fekk eg bryne meg på frå eg var 7 til 13 år. Likevel angrar eg på at eg brukte så mykje tid på fotball. Eg syntest at fotball var heilt ok å halde på med. Men som oftast var det ganske keisamt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS