Den redde demokraten
Då eg gjekk på skulen, var kristentru litt flaut. No er visst bøn i storefri blitt ein trussel mot skulemiljøet.
Vil Mette Fredriksen som her røystar under det danske valet, forsterka presset mot religion i det offentlege rommet?
RITZAU SCANPIX
For to år sidan kom boka At være demokrat er ikke at være bange med undertittelen Åndsfrihed under press ut i Danmark. Nabolandet i sør har hatt ein endå kvassere debatt enn oss om religion og ytring i det offentlege rommet.
Eg deler ikkje absolutt alle konklusjonane i boka, som gleda over kor sjeldan rasismeparagrafen vert nytta. Men boka er eit nyttig korrektiv til dei som står klare for å lovregulera alt dei ikkje likar.
Den eine forfattaren, Daniel Toft Jakobsen, er sosialdemokrat og var medlem av Folketinget fram til valet sist veke. Det er synd at ein så sterk forsvarar av åndsfridom ramla ut av Christiansborg, som hadde trengt ei tydeleg stemme til å stilla spørsmål kvar gong åndsfridommen – som samlar religions-, ytrings-, forsamlings- og samvitsfridom – kjem under press.
Bestill abonnement her
KJØP