Den kristne regnbogen i Qatar
Regnbogeflagg i Qatar er meir kristent enn sekulært. Det bør kristne heller tenke, enn å henge seg på den menneskerettsfiendtlege kulturrelativiseringa frå Fifa.
URETT: Dei som trur på den kristne historia, som vedkjenner seg kristne verdiar, bør derfor vere dei første – ikkje dei siste – til å heie på kampen mot urett. Den såg vi til dømes då dei tyske fotballspelarane viste ein kraftfull protest mot Fifa-pampane sitt samkvem med autoritære Qatar. Fifa nekta spelarane å nytte eit kapteinsbind med regnbogefargar, skriv kommentator Emil André Erstad.
Ebrahim Noroozi
Det var i helga at den tidlegare Bryne-spelaren og no Framnes-læraren Jarle Mong skreiv eit innlegg i Bergens Tidende, som verkeleg tok fyr. Han forstod det kanskje sjølv, då han la ut innlegget på Facebook med teksten «Har kastet en brannfakkel i dagens BT».
Han skreiv mellom anna at «mange muslimer, afrikanere og asiater ønsker slett ikke den utviklingen de ser foregår i Vest-Europa. Der vesteuropeerne ser fremgang, frigjøring, toleranse og sosial rettferdighet, ser muslimer normoppløsning, afrikanere umoral og asiater forvirring». Han gav støtte til Fifa som slo ned på bruken av regnbogeflagget under verdsmeisterskapen fordi «bare svært ignorante, overmodige, moraliserende og arrogante mennesker kan gjøre slikt».
«Noe slikt» er altså å vise støtte til homofile i vertslandet – som risikerer inntil sju år i fengsel for å leve med ein dei elskar. Styresmaktene har kalla homofili ein psykisk sjukdom.