Den gryande diktatoren

Før han vart valt sa Donald Trump at han ville vere diktator frå dag éin. No må vi kanskje tru på at han meinte det.

KAMERATAR: Donald Trump (t.v.) får hjelp av El Salvador sin autoritære president Nayib Bukele til å fengsle menneske utan lov og dom utanfor USA.
Publisert Sist oppdatert

Tidlig i påskeveka kom meldinga om at Trump-administrasjonen ikkje vil å følge eit pålegg frå rettsvesenet om å hente tilbake Kilmar Abrego García til landet.

Abrego García hadde ikkje lovleg opphald i USA. Han var likevel verna mot utsending av ei rettsavgjerd frå 2019, fordi han kunne vise til ei grunngjeven frykt for vald og forfølging i heimlandet. Han vart frå tolv års alder forsøkt rekruttert av ein gjeng i El Salvador, og etter å ha flytta fleire gonger såg foreldra til slutt ikkje anna råd enn å sende Kilmar ut av landet for å halde han trygg mot dei aggressive framstøta og trugsmåla frå gjengen. Han kom til USA åleine som sekstanåring. No er han gift med ei amerikansk kvinne og har tre born.

I mars i år vart Abrego García stoppa av innvandringsmynden i heimstaten Maryland med den fem år gamle sonen i bilen. Dei arresterte han og sendte han først til Texas, deretter saman med over 230 andre til fengselet CECOT i El Salvador. Han er ikkje klaga for, eller dømt for, noko kriminelt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS