Dei som kan bli statsministrar
Framtida til norsk politikk ser skikkeleg lys ut. Det viste ungdomspartileiardebatten i Arendal.
FRAMTID: Ungdomspartileiarane imponerte meir enn partileiarane i moderpartia, i debatten under Arendalsveka.
Skjermdump Nettavisen
Denne veka var det to spesielt viktige debattar i Arendal: måndagens partileiardebatt og tysdagens ungdomspartileiardebatt. Eg er ikkje i tvil om kva debatt som imponerte mest. Ungdommane grusa sine eldre partikollegaer ned i støvlane.
Førebilete
For oss som har tråkka mykje i ungdomspartia er det alltid litt vemodig å sjå at dei som kjem etter gjer det mykje betre enn vi sjølv gjorde det. For nivået på ungdomspartileiarane er langt høgare enn det har vore på ei stund, noko tysdagens debatt i Arendal viste klart.