Dag Inge Ulstein har definitivt ein partileiar i magen

KrF kunne knapt fått ei verre opplading til partileiardebatten i Arendal, men Olaug Bollestads vikar var overraskande god. Så god at nokon kanskje bør overtale han til å ombestemme seg.

lk
VIKAR: Med open skjorte, kordfløyelsdress og orden på talepunkta, viste Dag Inge Ulstein ei anna side av seg sjølv enn den kjensleklumpen vi har blitt kjend med dei siste åra, skriv kommentator Emil André Erstad om partileiardebatten i Arendal.
Publisert Sist oppdatert

Med open skjorte, kordfløyelsdress og orden på talepunkta, viste Dag Inge Ulstein ei anna side av seg sjølv enn den kjensleklumpen vi har blitt kjend med dei siste åra. Han osa av sjølvtillit med smil og humor i eit selskap han aldri før har vore i. Han verka også meir avslappa enn fleire av motdebattantane. Dessutan snappa han til seg ordet fleire gonger, som om han allereie var ein røynd partileiar.

Kjensle-Ulstein bytta ut med fakta-Ulstein

Etter ei veke der søkelyset har vore på intern uro i KrF, har Ulstein likevel fått brukt tida til å førebu seg til debatt. Berre det er imponerande. Der Ulstein tidlegare har marinert seg i kjensler og patos, var han i kveld presis, faktaorientert og solid.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS