Då Norges Bank deltok i ran
At Noregs Bank deltok i det desidert største ranet i norsk historie - plyndringa av jødane som del av Holocaust – er fortrengt i historieskrivinga til banken.
SJEF: Nicolay Rygg var sjef i Noregs Bank frå 1920 til 1945. Rolla banken spelte i det norske Holocaust må fram i lyset, skriv gjestekommentator Johannes Morken.
Myres Pressebyrå/Norges Bank
Det viktigaste folk flest har fått med seg om Noregs Bank under krigen, er at nesten 49 tonn gull vart frakta frå bankkvelva den 9. april. Gullet kom i tryggleik i USA, medan Noregs Bank si eksilleiing blei med regjeringa til London.
Men Noregs Bank heldt fram også frå Oslo. Oslo-avdelinga måtte operera opp mot Quisling-regjeringa og dei tyske okkupantane. Då krigsinnsatsen til banken blei evaluert etter verdskrigen, var konklusjonen at banken fortente ros for eit «stort og gavnlig arbeid». Dette er framheva i historiegjennomgangen på Noregs Bank sine nettsider. Det var ikkje overraskande sidan ein kjent motstandsmann, Gunnar Jahn, då hadde overteke som sjef.
Men vår ferske sentralbanksjef må no syta for å få revidert krigshistoria. For eitt kan vi slå fast: Bankens innsats under verdskrigen var i alle fall ikkje til gagn for jødane.