Bru over avgrunn?

Kan eit måltid og ein prat redusera frykt i ei verd med farleg polarisering?

kk
POLARISERING: I dei 13 åra eg har moderert debatt på internett og i sosiale media. Religion – ikkje minst islam – skaper sterkast polarisering, skriv gjestekommentator Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

USA er så splitta at mange ikkje klarar å snakka saman. Polariseringa går tvers gjennom familiar og kyrkjer. Folk er blitt ute av stand til å be saman og gå til det same nattverdbordet. Kristne som ifølgje Jesu ord ikkje skal leva i frykt, endar opp med frykt, påpeikar to skribentar i magasinet Christianity Today.

I stridssakene vektlegg liberale og konservative kristne moralske verdiar så ulikt at dei blir meir og meir ute av stand til å forstå kvarandre. På den eine sida blir kristendommen misbrukt til makt. På den andre ytterkanten finst det knapt verdiar som autoritet og lojalitet igjen. Reelle årsaker til politisk usemje og uro, blir polarisert til ein avgrunn.

Skribentane i Christiantity Today poengterer at kristne lite kan gjera med den ekstreme polariseringa som kløyver nasjonen. Men under overskrifta «I ei polarisert verd, men ikkje av den» skriv dei at kristne kan redusera polariseringa seg imellom. Det kan vera lettare sagt enn gjort når somme jublar med raude caps og flagg, der andre er rasande og redde.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS