Berre rike studentar til Noreg

UTDANNINGSPOLITIKK: Til hausten blir det rådyrt for utlendingar å studere i Noreg. Med mindre du er stinn av gryn, bur i Sveits eller kjem frå eit av landa i EØS.

UTDANNING: – Eg forstår ikkje at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) vågar å jeopardisere den internasjonale profilen til framståande norske utdanningsinstitusjonar, skriv Vårt Lands Alf Kjetil Walgermo.
UTDANNING: – Eg forstår ikkje at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) vågar å sette på spel den internasjonale profilen til framståande norske utdanningsinstitusjonar, skriv Vårt Lands Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Prinsippet om gratis utdanning har stått sterkt i Noreg. Grunnskulen er gratis. Det same er den vidaregåande skulen. Og dersom du ønsker å studere ved ein norsk høgskule eller eit universitet, er det også gratis – bortsett frå pengane som går med til skulebøker, kost og losji.

Fram til no har det vore gratis også for internasjonale studentar å studere ved høgskular og universitet i Noreg. Det har skapt solide, internasjonale læringsmiljø til inspirasjon og nytte for den enkelte student, dei ulike læringsstadane og norske arbeidsgivarar som har rekruttert skarpe, nyutdanna hovud i etterkant.

Frå hausten ser biletet annleis ut. Regjeringa vedtok i fjor haust å innføre studieavgift for studentar som kjem til Noreg frå andre land enn Sveits og EØS. Vedtaket blei før helga halde oppe i revidert statsbudsjett. Dersom ikkje Stortinget gjer kuvending før sommarferien, blir studielandet Noreg eit land for nordmenn, europearar og folk frå dei rikaste familiane i resten av verda.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS