Året for kansellerte prisar

Prisar mistar sin legitimitet dersom ein begynner å kansellere i sin eigen prishistorikk. Det er farleg å endre på historia for å vere politisk korrekt i sanntid.

Adania Shibli
Den palestinske forfattaren Adania Shibli, som snart kjem på forfattarbesøk til Noreg, var blant dei som fekk smake på politiske føringar for ein litteraturpris i fjor. Prisutdelinga på bokmessa i Frankfurt blei avlyst på grunn av krigen mellom Israel og Hamas.
Publisert Sist oppdatert

Ei pristildeling bygger som regel på ei rekke kriterium. Ofte ligg det politiske eller andre føringar bak prisar, i somme tilfelle også bak prisar skal tildelast av reint kunstnariske årsaker. «Kunstnarisk kvalitet» er det einaste rette for ein vurderande kunstnarprisjury å stille seg insisterande bak. Samtidig veit vi at kvalitetsomgrepet aldri lever og rører seg i eit vakuum.

Slik er det, og slik må det nesten vere. Ingen som vurderer kunstuttrykk er pakka inn med vatt. Ei rad med ulike sympatiar, føresetnader og erfaringar dannar bakgrunnen for den kunstnariske bedømminga. Kanskje ville ikkje prisvinnaren bli premiert av ei annan jury. Kanskje ser somme av tildelingane frå tidlegare tider merkelege ut i dag. Ei pristildeling er eit uttrykk for ei vurdering gjort av ein jury på eit bestemt tidspunkt i historia.

Mista pris etter kritikk av Israel

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP