Amerikansk mareritt på det store lerretet

Om ein er bekymra for borgarkrig i USA, er no sjølve marerittet til framsyning i norske kinosalar. Eg har sove dårleg sidan eg såg det.

KRIG: I filmen «Civil War» har to delstater trekt seg ut av USA og gjer seg klar for det siste anslaget mot Washington DC for å kaste den sitjande presidenten.
KRIG: I filmen «Civil War» har to delstater trekt seg ut av USA og gjer seg klar for det siste anslaget mot Washington DC for å kaste den sitjande presidenten. Filmen kan gje grunn til angst, skriv vaktsjef og kommentator Sigrid Rege Gårdsvoll.
Publisert Sist oppdatert

Eitt av spørsmåla eg har svart flest gonger på dei siste fire-fem åra, handlar om polariseringa i det amerikanske samfunnet. Ofte blir problemstillinga sett på spissen ut i eit spørsmål om sjansen for at den stadig aukande avstanden mellom landet sine politiske fløyene kan ende i borgarkrig.

Eg har alltid vore kontant avvisande. «Institusjonane er langt sterkare enn dei var i forkant av borgarkrigen på midten av 1800-talet», seier eg. «USA har vore gjennom mange intense rivningar sidan den gong utan at ein har delt seg bror mot bror i krigshandlingar.»

Den overtydinga held eg framleis fast på, men den har fått seg ein liten knekk etter mitt siste kinobesøk.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP