Alf Kjetil Walgermo: «Anna Gutto løfter opp menneskehandel på ein måte som treff hjarta våre så det smell»
Menneskehandel er blant dei største vonda i samfunnet vårt. Ein ny film på Netflix viser deg kvifor.
I Anna Guttos «Paradise Highway» spelar Hala Finley ei jente som blir utsett for menneskehandel.
Courtesy of Lionsgate
I mars blei den norske regissøren Anna Guttos film Paradise Highway tilgjengeleg for alle norske sjåarar med tilgang til Netflix. Spenningsfilmen med Juliette Binoche og Morgan Freeman i hovudrollene handlar om menneskehandel, «trafficking», og bør sjåast av politikarane på Stortinget.
I filmen møter vi Sally (Binoche), ein kvinneleg lastebilsjåfør, og bror hennar, Dennis (Frank Grillo), som soner ein dom i fengselet. Søskena har hatt ein tøff oppvekst, og særleg broren sit framleis fast i destruktiv kriminell verksemd. Rett før han skal lauslatast frå fengselet, ber han Sally om ei teneste så han kan sleppe unna folka som er etter han – ho skal levere ein pakke for han i nabodelstaten. Sally vegrar seg, men kjærleiken til broren er større enn skepsisen mot å bli delaktig i lovbrot. Ho går med på å levere pakken.
Når ho kjem til treffstaden, viser det seg likevel at det ikkje er nokon pakke ho skal frakte, det er ei mindreårig jente. Vi forstår fort at jenta er offer for menneskehandel – ho skal fraktast over delstatsgrensa til ein eldre mann som har bestilt henne. Leila (Hala Finley), som ho heiter, er eit traumatisert overgrepsoffer. Sally skal frakte henne i lastebilen sin så ho skal bli offer for nye overgrep. Kan ho verkeleg utføre ei slik handling? Og kan ein pensjonert politimann (Freeman) forhindre at det skjer?