Å rigge valsystemet til eigen fordel
Det finst mange måtar å vinne eit val. Å gjere det gjennom byråkrati og regelendringar i ekspressfart er kanskje ikkje det luraste.
DET STORE KARTET: Det er alltid fristande å forsøke å dra fordelar der ein kan inn mot eit val. Også ved å endre reglane.
Erlend Berge
«Etter nøye vurdering er det klart for meg at nett no, 43 dagar før valdagen, ikkje er den rette augneblinken for å gjere denne endringa», skreiv delstatssenator Mike McDonnell (R-NE) i ei pressemelding måndag.
Endringa han snakker om, kunne i ytste konsekvens ha endra utfallet av presidentvalet i november, og truleg vil McDonnell få mykje bråk frå partifellar for å innta dette standpunktet. Vi skal komme tilbake til kva som hendte i Nebraska snart.
Presidentvalet i USA er eigentleg ikkje eitt val, men 50 mindre val, i dei ulike delstatane. Delstatane har eit antall såkalla valmannsrøyster (på engelsk: electoral votes) i valmannskollegiet på totalt 538 personar. Talet kan virke tilfeldig, men er altså like mange som det er medlemmer i Kongressen, 438 i Representanthuset og 100 i Senatet. Kvar delstat har like mange valmannsrøyster som delstaten sine kongressmedlemmer. Ein delstat har alltid to senatorar, men talet på medlemmer i Representanthuset kan endre seg dersom folketalet i delstaten endrer seg. Desse endringane skjer etter folketeljing kvart tiande år.
Bestill abonnement her
KJØP