Å filme eit nasjonalt traume
Snart kjem 22. juli-filmane på rekke og rad. Kvar går dei etiske grensene når ein lagar film om terrorhandlingar som framleis ligg nært oss i tid?
Denne sommaren er det sju år sidan Anders Behring Breivik drap 77 menneske i dei verste terrorhandlingane på norsk jord sidan andre verdskrigen. Det har allereie kome ut fleire bøker om 22. juli, som på ulike måtar har gått inn i den grufulle tematikken. No kjem også filmane, og med dei følgjer debatten om kva som er etisk rett å framstille i form av levande bilete.
Om ein og ein halv månad, den 9. mars, kjem Erik Poppes spelefilm Utøya 22. juli . Før helga kom nyhenda om at filmen først skal visast i lukka rom for overlevande og etterlatne, med legar og psykologar til stades. Lisbeth Kristine Røynesland, leiar av Støttegruppen etter 22. juli, har sett filmen og fryktar ifølgje NRK for at han kan retraumatisere somme av dei overlevande og etterlatne.
Røynesland meiner likevel at det er rett at Poppe fortel den historia som han gjer, og som dei fleste av oss enno ikkje kjenner i detalj. Det vi som enno ikkje har fått sjå filmen veit, er at Breivik ikkje blir vist fram, men at søkelyset ligg på dei overlevande og dei pårørande.
Bestill abonnement her
KJØP