Landet som går tomt for mat
Mangel på varer og høge prisar har fått mange i Venezuela til å dyrke mat sjølve. Styresmaktene håper det kan få landet ut av krisa.
Militza Perez går langs urte- og paprikaplantene som spirer i takhagen hennar midt i Venezuelas hovudstad Caracas. Til vanleg jobbar ho i ein bank.
– Vi dyrkar ikkje mat for å fylle magane våra, men for å kunne ete betre, fortel ho til Reuters.
Eit forskingsteam frå tre lokale universitet fann nyleg at 12 prosent av innbyggjarane i byen no må kutte eitt måltid per dag.
Bestill abonnement her
KJØP