Prost lovprisar handteringa frå lokalsamfunna etter dødsbrann i Vesterålen

BRANN: Den tragiske hyttebrannen ved Risøyhamn i Andøy kommune tok livet av fem menneske, kor fire av dei var barn. Prost i Lofoten prosti og sokneprest i Svolvær kyrkje skildrar lokalsamfunn i sorg.

Kirkemøtet 2016 i Trondheim. Kristine Sandmæl
PROST: Kristine Sandmæl er Prost i Lofoten prosti. Ho fortel om eit lokalsamfunn i djup sorg. Her avbilda på Kyrkjemøtet i 2016 (i midten).
Publisert Sist oppdatert

Måndag blei namna på dei omkomne frigjorde i samråd med politiet og dei nære familiane. Luise Marie Bang (40), Mogens Pareli Krogh Hovde (15), Gustav Rane Krogh Hovde (12), Henning Christian Bang Johansen (15) og Hedda Madell Bang Winther (10) mista alle livet i brannen natt til laurdag i Risøyhamn sør på Andøya. Alle omkomne hadde sine heimar i Vågan kommune og gjekk på skule i Svolvær og Henningsvær.

Sokneprest i Svolvær kyrkje Peter Shaw Wilhelmsson skildrar ei tung sorg og nome i Svolvær og Henningsvær, men samtidig ei lette no som namna er blitt frigjorde.

— Det er fint å kunne seie namna på dei vi saknar, høgt og tydeleg. Samtidig som det er tungt, då det heile blir verkeleg ein gong på nytt, seier han.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP