Samuelspakta
Moses Samuels gjekk til synagogen i Yangon og låste opp porten kvar morgon i 25 år. Ingen kom. Men ein sabbat lydde songen. Moses trur ikkje han blir den siste jøden i Yangon.
Frå far til son. Mennene i familien Samuels har i generasjonar hatt ansvaret for synagogen i Yangon. No kan
Moses Samuels (t.h.) trygt gje ansvaret vidare til sonen Sammy. Han har valt å bli buande i Yangon.
I fjor gifta Sammy seg her i synagogen med ei jødisk kvinne.
Erlend Berge
YANGON, MYANMAR: David-stjerna viser veg. Høgt over salsbodene langs Maha Bandula, ei av hovudgatene i Yangon, heng symbolet som fortel at her held dei til, dei som langt på veg blei jaga inn i historiebøkene av japanske soldatar og burmesiske generalar.
Mannen i porten fortel kven han er utan å ytre eitt ord. Han er kledd i ei skjorte av britisk snitt. Rundt livet har han eit burmesisk herresarong, ein longyi. På hovudet ber han ein jødisk kippa.
– Naboane er mine vaktarar. Difor treng eg ikkje leige inn tryggingsselskap for å vakte synagogen, slik ein må i mange land i Vesten, fortel Moses Samuels.
Bestill abonnement her
KJØP