Moses med forklarlege under

Bibelens historieforteljing er meir spektakulær enn Ridley Scotts fornuftsversjon.

Bror står mot bror når den ferske faraoen Ramses (Joel Edgerton) oppdagar at Moses (Christian Bale) er ein av slavefolket hebrearane. Den nye filmen om Moses er storslått og actionfylt, men lukkast ikkje heilt, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

FILMMELDING: Christian Bale spelte nyleg rolla som Batman. Spørsmålet er kor sjangerforvirra han er når han no har inntatt rolla som Bibelens Moses. Rett nok er det ingen superhelt frå Marvel-universet som har snike seg inn i «the greatest story ever told». Men i denne forteljinga er Moses ein meir slagkraftig krigar enn vi kunne lese ut av bibeltekstane – manndrapet til tross. I Ridley Scotts variant av bibelhistoria er Moses ein dyktig krigar som bergar bror sin, Ramses, frå den visse død på slagmarka. Ein egyptisk profeti har allereie slått det fast: «Ein leiar skal frelsast og frelsaren skal ein gong leie.» Moses er eit leiaremne, til ein slik grad at farao Seti – tøft spelt av John Turturro og eyelinaren hans – set han høgare enn sin eigen son.

Følg oss på Facebook og Twitter

Ramses (Joel Edgerson) er relativt truverdig teikna. Han er verken i overkant misunneleg eller i overkant vondsinna, sjølv om vi aner at han har lågare sjølvtillit enn både Seti og Moses. Ramses blir nøydd til å kompensere når han sjølv blir farao, noko som går ut over hebrearane i landet. Dei mektige byggverka krev mykje stein.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP