Lesing mellom liljene
Trøyst meg, Helge, men ikkje med mjuke kyss frå venleikens tigerlilje.
Populær Poet: Helge Torvund er kjend både som twitterpoet, og som digital skrivelærar på «Diktkammeret». Han har skrive songtekstar for Vamp og Bjørn Eidsvåg, dikta hans blir sitert i gravferder og på gratulasjonskort.
Erlend Berge
I krisetid kjem dikta med enderim, fulle av store kjensler og direkte tiltale. Dikt som seier «du», og vil noko med deg. Du må ikke sove, seier dei. Eller: Gå inn i din tid. Eg hugsar desse linjene, eg har høyrt dei bli lesne eller sunge, merka kor lette dei er å lære utanat.
Nordahl, Inger og Arnulf. Det er poetar vi er på fornamn med, som har skrive dikt som festa seg, ord vi framleis hugsar og brukar.
Kor mange av oss ville nikke like fortruleg til dei største norske samtidspoetane, viss vi hadde kjent dei att på gata? Viss eg nemner Øyvind og Cecilie, Steinar eller Inger Elisabeth, veit du kven eg siktar til då?
Bestill abonnement her
KJØP