Vidar Sundstøl har skrive ein kunstnarroman – eller ein gotisk grøssar – eller ...

Ein ambisiøs og kunnskapsfylt – men noko sprikande og forvirrande roman om det overskridande i liv og kunst, om myte, soge, samtid og sjelelege utkantar.

Seidmennene på Skratteskjær
NÅR SEIDMENNENE VAKNAR: Heimskringla-illustrasjonen «Seidmennene på Skratteskjær» av Halfdan Egedius er utgangspunkt for Sundstøls roman. Olav Tryggvason fekk mennene sine til å fanga fire heidne seidmenn - og binda dei fast til eit skjer slik at dei drukna.
Publisert Sist oppdatert

Den halvkjende og noko pjuskete forfattaren Eddy Kromvik har leigd seg hytte på Avaldsnes for å få ro og inspirasjon til å skriva roman. Utgangspunktet for romanprosjektet er Halfdan Egedius´ illustrasjon i Heimskringla av seidmennene på Skrattaskjær, som ligg i nærleiken av hytta. Det var der, på Avaldsnes ved Karmøy, kristningskongen Olav Tryggvason fekk mennene sine til å fanga fire heidne seidmenn – og binda dei fast til eit skjer slik at dei drukna i tidevatnet som steig sakte.

Grenseoverskridande

Dette er inngangen til Vidar Sundstøls nye bok, som altså er ein roman om ein roman. Til overmål ser Eddy eit spegelbilete av ein annan som skriv roman, så det er vel ein roman om ein roman om ein roman. Lag på lag på lag, og inst finst ei slags Pandoras eske (som vel var ei krukke) som forfattaren vert meir og meir fascinert av: kva finst bak fenomena, kva skjer om han overskrid det velkjende, opnar lokket til krukka, opnar døra til eit ukjent rom? Eddy vil det grenseoverskridande, og her vert grenser overskridne.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS