Storarta om fascismens far

ANMELDELSE: Ny bok viser kor viktig Mussolini var, og er uhyggeleg lesing i ei tid da det fascistiske tankegodset igjen har blitt trugande aktuelt,

ENDELEG: Det andre bindet i den italienske forfattaren Antonio Scuratis på alle vis imponerande dokumentariske romansuite om diktatoren Benito Mussolini, er endeleg klar på norsk.
Publisert Sist oppdatert

Det andre bindet i den italienske forfattaren Antonio Scuratis på alle vis imponerande dokumentariske romansuite om diktatoren Benito Mussolini, er endeleg klar på norsk. Den kritikarroste M-serien skal bli på fem bind, men vi har allereie passert tusen sidar berre på dei første.

Årets utgjeving, M-Forsynets mann, er ei omfangsrik og nærgåande skildring av Mussolinis første år som italiensk statsleiar frå 1925 til 1932. Nærgåande i bokstaveleg forstand, ja. Allereie på dei første sidene får vi greie på korleis rommet til Italias yngste statsminister lukta og om korleis sengetøyet og toalettskåla såg ut etter dagar med talrike elskarinner og store utfordringar, politiske så vel som avføringstekniske.

Overbevisande nyansert

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS