Sterk medisin mot sjølvmedynk

Sjeldan har ei bok fått meg til å le så hjarteleg og rått, som Andrev Waldens hjarteskjerande forteljing om udugelege fedrar, barnemishandling, omsorgssvikt og vald.

Walden
UNDERHALDANDE: Andrev Waldens forteljing er verre enn dei fleste si, men likevel er boka han har skrive ei fantastisk underhaldande bok som løftar lesaren.
Publisert Sist oppdatert

Det mest oppsiktsvekkande med Andrev Waldens bok Jævla menn, er kva bok det ikkje er. Det er ikkje ei bok om eit sjølvmedlidande offer som synest synd på seg sjølv for alt det fæle han opplevde som liten. Det er ikkje ei bok om ein gut som fekk barndomen øydelagd av å ha sju pappaer på like mange år. Det er ingen «sjå på meg så fælt eg hadde det»-forteljing.

Valdelege menn

Med elegant språk (som er minst like elegant omsett til norsk av Håvard Syvertsen) skildrar boka oppveksten i Hippie-Sverige i 1980-åra. I starten møter vi sju år gamle Andrev i ei scene der den første av dei sju stefedrane vi møter i boka, slår han. «Jeg burde ikke ha skreket. Flammene spiser skrik. Han husker ikke engang å åpne hånda ordentlig før han slår. (...). Blodet fosser fram fra ansiktet.»

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS