Sigrid Undsets reiseskildring startar bra, men sporar av i visvas
Nobelprisvinnaren står fram som besteborgarleg, fisefin og politisk naiv. «Tilbake til fremtiden» høyrer først og fremst fortida til.
PÅ FLUKT: Sigrid Undsets krigsreiseskildring «Tilbake til fremtiden» er ingen klassikar, meiner vår meldar, sjølv om første kapittel burde nyttast i skuleverket. Her er nobelsprisvinnaren i New York i september 1940.
Anthony Camerano
Kvifor er ikkje Sigrid Undsets krigsreiseskildring Tilbake til fremtiden meir kjent? Undset har for alltid skrive seg inn i norsk skjønnlitterær kanon med romantrilogien Kristin Lavransdatter (1920–1922). Også romanar som Fru Marta Oulie (1907) og Jenny (1911) er godt kjente for eit lesande publikum. Tilbake til fremtiden, derimot, blei aldri folkelesnad. Det er fleire grunnar til det.
I første omgang synest det underleg, for Sigrid Undset skulle uforvarande bli eit av våre litterært sterkaste augevitne til krigsutbrotet i Noreg i april 1940. I Tilbake til fremtiden skildrar ho opplevinga av å vere i Oslo den 9. april, og korleis ho kjem seg på det stappfulle formiddagstoget til Lillehammer. Undset er sjølv prega av stoisk ro, til sams med mange av dei ho ser rundt seg. Men dramatikken i situasjonen kjem godt fram: «I det samme vi kjørte ut av stasjonen, falt det et par bomber så nær at toget ristet og slingret som det skulle hoppe av skinnene.»
Pensum på skulen
Bestill abonnement her
KJØP