Samfunnet treng både silo og protest
KRISTIANSAND: Nokre dagar før kulturministeren opna den spektakulære Kunstsilo i Kristiansand, feira Protestfestivalen i sørlandsbyen sine 25 skranglete år. Kunsten og protesten må vere som evangeliet.
KULTURAKTØRAR: Svein Inge Olsen i Protestfestivalen (t.v.) og det nye museumsbygget Kunstsilo i Kristiansand. Kristiansand er «it-byen» i 2024, byen vi alle bør unne oss å besøke, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Bård Bøe / Vårt Land / NTB Scanpix
Den seinaste veka har eg vore til stades på to kulturelle merkedagar med vidt forskjellige rammer. I helga var det opning av Noregs mest berømte og mest spektakulært ombygde kornsilo, det ruvande museumsbygget Kunstsilo i Kristiansand. Nokre dagar før opninga av siloen som frå no av skal gi oss åndeleg føde, feira Protestfestivalen i sørlandsbyen sine 25 skranglete år på ein utestad i Oslo.
Tilnærminga til kunsten kunne knapt vore meir ulik, ytre sett. Kva gjeld Kunstsilo, er det eit prosjekt i milliardklassen. Sjølve ombygginga av siloen har kosta over 700 millionar, mens Nicolai Tangens kunstsamling, som blir gjort tilgjengeleg for silogjestane, har ein verdi på rundt rekna ein halv milliard.
Konstant pengetrøbbel
Bestill abonnement her
KJØP