Paradiset ved muren til helvete
På utsida av konsentrasjonsleiren Auschwitz lever den nazistiske familien Höss i paradisisk idyll. Spelefilmen «The Zone of Interest» er eit djupt forstyrrande meisterverk.
TØFF TEMATIKK: Spelefilmen «The Zone of Interest» handlar om familien Höss, som i fleire år budde i ein villa rett på utsida av konsentrasjonsleiren Auschwitz. Han er nominert til fleire Oscar-statuettar, blant anna for beste film og beste regi.
SF studios
Sjå trailer nedst i artikkelen.
Den internasjonale Holocaustdagen er ein årleg minnedag for ofra etter det største folkemordet i historia. Meir enn seks millionar jødar blei drepne av nazistane mellom 1938 og 1945. Å utrydde den jødiske befolkninga i Europa blei kalla for «den endelege løysinga».
Laurdag blir denne ufattelege tragedien markert over heile verda. I Noreg blir markeringa leia av den nye direktøren på HL-senteret, Jan Heiret. Utanriksminister Espen Barth Eide og rabbinar Michael Kohn er blant dei som står på talarlista.
Bestill abonnement her
KJØP